Opp og ned ein akebakke i nesten eit døgn:

Éin kroppsdel er meir mørbanka enn dei andre

387 rundar i ein akebakke i Oslo. Så mange runder måtte til om Mathias Ekornås skulle gå like mange meter som den høgste fjelltoppen i Alaska, Denali på 6.190 meter.

I akebakken: Mathias Ekornås har klart å gjennomføre sin fjerde nærekspedisjon i Oslo.   Foto: Privat

Nyhende

Det er ein svært sliten, men også veldig godt nøgd, Mathias Ekornås Nyss snakkar med i telefonen kort tid etter han er ferdig med sin fjerde nærekspedisjon. Dei siste 21 timane og 59 minutta har han brukt i ein akebakke.