Sykkylven Seniorakademi:

Har sydd saman eit spennande program

Sykkylven Seniorakademi byr på mange spennande føredrag det komande året.

Styret for 2022 består av desse: Bak frå vestre er Ingunn Nygård Klokk (kasserar), Ove Bjerkan (skrivar), Eldrid Suorza (styremedlem). Framme: Leonhard Vårdal (styremedlem) Ole-Petter Solnørdal (leiar) og Lars Jørgen Vik (nestleiar). Paul Davik og Sølvi Grebstad er varamedlemer.                 Foto: Monica Aure Fallingen

Nyhende

– Målet er å stimulere eldre og andre interesserte til å halde ved like samfunnsengasjementet sitt og utvide og utvikle kunnskapane sine. Dette vert gjort gjennom møte, forelesingar, kurs og ekskursjonar. Vi vil legge vekt på at innhaldet i aktivitetane skal halde eit høgt fagleg nivå, og ha eit populærvitskapleg preg, fortel Ole-Petter Solnørdal.