Dei politiske møta startar opp att etter ferien

Neste veke er det klart for møte i formannskapa i Sykkylven og Stranda.

Orientering: Drifta av Sykkylven legesenter skal opp i formannskapet i Sykkylven.  Foto: Even Ørjasæter

Nyhende

No som det nye året er i gang, er det også klart for nye rundar med politiske møte rundt om, og komande måndag og onsdag er det klart for møte i formannskapa i høvesvis Sykkylven og Stranda. Her er det fleire saker som skal opp til diskusjon.