Letting av koronatiltak:

Klar for servering!

Magnus Bergseth driv saman med medgründer Ole Jonny Hjelmeseth, både Skotholmen og Kami Stranda. No gler dei seg til å ta imot nye gjestar på Stova 1957 på Strandafjellet.

Ønskar velkomen: Magnus Bergseth gler seg til gjenopning  Foto: Mats Patrick Riksheim

Nyhende

Regjeringa innførte nasjonal skjenkestopp i midten av desember etter tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. No meiner etatane at ein kan lette på desse tiltaka ved innføre skjenking fram til klokka 23. Servering av alkohol skal likevel berre skje ved borda. Høge smittetal er venta i vekene som kjem, men som samfunn skal vi tole viruset betre grunna god oppslutning kring vaksinering. Det er såleis klart for å opne kranane igjen ved serveringsstadar rundt om i landet.