Mogeleg smitteutbrot på skule

Smittesporingsgruppa fekk fredag melding om positiv hurtigtest på 10. trinn ved Sykkylven ungdomsskule.

Mogeleg smitteutbrot: Tre elevar ved Sykkylven ungdomsskule testa positiv på hurtigtest.  Foto: Amanda Røed Stave

Nyhende

Sykkylven kommune melder at ved utvida testing i klassa vart det fredag kveld meld endå to positive hurtigtestar. Ein ventar på bekreftande PCR på alle tre, men arbeidar no ut frå at ein har med eit utbrot å gjere. Dei smitta er isolert og smittesporing er gjennomført.