Blant dei største i fylket:

To lokale aktørar omset for over 230 millionar

E-Trans og VD Transport ligg på toppen i Møre og Romsdal når det gjeld omsetnad blant fylket sine godstransportfirmaer.

Inne på topp tre: Dagleg leiar Brede Engeset i E-Trans på Stranda.  Foto: Randi Ansok

Nyhende

Det er mange transportfirma i fylket vårt og desse står for ei betydeleg omsetnad. I ein oversikt som tung.no har laga så ser ein at dei 130 største selskapa i Møre og Romsdal omsett for kring 2,7 milliardar kroner samla sett, og hadde i 2020 eit gjennomsnitt på 20,4 millionar i omsetnad per bedrift. Veksten frå 2019 til 2020 for heile fylket var litt over landsgjennomsnittet med 5,8 prosent.