I meldinga står det at det er påviste bakteriar i drikkevatnet i Vikedalen, og at alle abonnentane i Vikedalen blir varsla om å koke vatn til drikke, matlaging og tannpuss inntil vidare.

Det blir vidare opplyst at det må vere to påfølgande prøver utan påviste bakteriar før kokevarselet kan opphevast.

– Høgdebassenget i Vikedalen vert no reingjort og vi vil ta nye vassprøver måndag 3. oktober og tysdag 4. oktober. Dersom desse prøvene er fine så kan kokevarselet opphevast torsdag 6. oktober, står det i meldinga.

Råd

Folkehelseinstituttet har i samarbeid med Mattilsynet utarbeidd råd for kva eit slikt kokevarsel inneber for hushaldsabonnentar. Dei opplyser at vatnet må fosskoke, og at ein vasskokar er greitt å bruke då den normalt vil bringe vatnet til fosskoking før den slår seg av. Etter at vatnet har fosskokt må det bli kjølt ned naturleg, utan tilsetting av isbitar eller liknande.

– Dersom vatnet er partikkelhaldig/grumsete og av estetiske grunnar er ønskt filtrert, må dette gjerast før koking for å hindre at vatnet på nytt blir forureina, opplyser Folkehelseinstituttet.