Det har gått eit snøskred, om lag 30 meter breitt og 20 meter langt, utanfor dei oppmerka løypene i Småvardane på Roald-sida på Strandafjellet. Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre var med skredet eit lite stykke. Han er uskada og held fram skikøyringa utover dagen, opplyser politiet. Det skal ikkje ha vore andre i skredet.

Politiet oppmodar dei som ferdast i fjellet dei næraste dagane om å ta sine forholdsreglar, følgje med på vermelding og varsom.no .

– Det er betydeleg snøskredfare søndag 14.01 og måndag 15.01 (oransje) i Møre og Romsdal, uttalar politiet.