Arve Grønmo bur i Sykkylven saman med kona Magnhild. Her sit han i heimen deira i prototypen til stolen «Kontura». – Den vart teikna og laga på Vestlandske, og er ein av dei aller første stolane som vart laga. Det er mange som likar den. Eg synest kanskje det er den beste, spesielt funksjonane er veldig fine på denne stolen, fortel han og gir avisa ein demonstrasjon. Stålkonstruksjonen har han sjølv teikna. Foto: Amanda Røed Stave

Frå Sømna til Sykkylven – slik vart han ein del av møbelhistoria

Arve Grønmo fyller 80 år komande veke. Sidan 70-talet har han vore med på å påverke møbelhistoria i Sykkylven.