I høve Valentinsdagen ønskjer vi å køyre i gang ein ny konkurranse der de kan vinne ein fin premie. Vi har omsett nokre kjærleikssongar til nynorsk, som de skal få gjette på.

Vi ser etter namn på song og artist.

Svaret kan de sende til amanda.stave@nyss.no, merk emnet i e-post med «Valentinsdagen».

Song 1:

Eg fann ein draum som eg kunne snakke til, ein draum eg kunne kalle min. Eg fann ei glede å presse kinnet til. Ei glede eg aldri har kjent.

Du smilte, du smilte. Og då var magien sendt. Og her er vi i himmelen. For du er min endeleg.

Song 2:

Eg ligg i senga, høyrer klokka tikka og tenkjer på deg. Sit fast i sirklar, forvirring er ikkje nytt. Attersyn, ei varm natt – nesten gløymt. Kofferten med minne. Igjen og –

Nokre gonger ser du meg, eg går for langt framfor deg. Du roper på meg, men eg høyrer ikkje kva. Du seier «gå sakte» – eg fell bakpå. Den andre handa gir etter.

Song 3:

Skatt, du er ein engel, min kjære engel. Nærare enn venane mine for meg, kjære. Vakre, du er ein engel. Du er min kjære engel. Skatt, du er min ven når eg treng det, snuppa.

Song 4:

Sjå på stjernene. Sjå kor dei skin for deg. Og for alt det du gjer. Ja, dei var alle gule.

Eg kom òg, hadde skrive ein song for deg. Om alt det du gjer. Den var kalla «Gul».

Song 5:

Du synest eg er vakker utan sminke på. Du synest eg er artig når eg seier vitsen feil. Eg veit at du skjønar, så eg lét muren min ned, ned.

Før du møtte meg hadde eg det greitt, men ting var tunge. Du fekk meg til liv, og no kvar februar – er du min Valentin, Valentin.

Vinnaren trekk vi fredag 16. februar.