– Det har vore hektisk dei siste dagane, det er sikkert, seier Harald Strømmegjerde til Nyss.

Han tek imot lokalavisa i Brennevinsgrova, destilleriet han bygde opp i garasjen på familiegarden der han har produsert prisvinnande brennevin sidan 2019. Her held han og sonen Hans Marius på med å lime etikettar på flasker som så blir sett i esker for å bli sendt til lager. Denne veka har dei hatt lansering av heile seks nye produkt, så det går unna.

– Mykje av det skal til lageret eg har i Moss. Det var meir økonomisk å ha eit lager der for utsending enn om alt skulle fraktast herifrå, forklarer han.

Til fjells

Dei nye produkta er ein ny type gin, fire typar akevitt og ein premium vodka. Sistnemnde er det først gongen han prøvar seg på.

– Det spesielle med den er at den er trippeldestillert med trøffeltang frå Mørekysten. At ein kan bruke tang til destillering fekk eg vite etter ein prat eg hadde med Annelise Chapman i Tango Seaweed, fortel Strømmegjerde.

Og tangen, den kjem frå Remøya og Volsdalsberga i Ålesund.

– Det er ikkje berre russen som held til der, seier han og ler.

Blant akevittane finn ein også ein type med eit lokalt namn; «Straumshornakevitt». Namnet kjem av at tønna der akevitten har modna har stått i fleire månader ved foten av Straumshornet.

– Eg har vore litt vag rundt kor tønna har vore, slik at turgåarar ikkje skulle prøve å finne den, men eg tok tønna på firhjulingen og fekk frakta den opp til fjellet, humrar Strømmegjerde.

– Kvifor tok du ei tønne med akevitt til fjells?

– Ein har fleire typar akevitt som anten har vore modna på sherrytønner, segla med fraktskip over Ekvator eller liknande, så eg spurte meg sjølv kva som var spesielt her. Svaret blei då sjølvsagt Straumshornet, seier han.

Og resultatet er no på flaske og klar for sal.

– Naturen har gitt den eit tydeleg smakspreg av sunnmørsnatur. Å bruke lokale råvarer er også noko eg er veldig opptatt av, seier han.

Tønna med akevitt blei plassert ved foten av Straumshornet. Foto: privat

Spontan

Strømmegjerde fortel at det nesten berre er fantasien som set grenser når ein driv med brennevin, særleg gin, og mange av typane han lagar har komme av idear han har fått der og då.

– Ideen til den nye ginen fekk eg då ein utflytta nabo var innom her med nokre urter. Etter at eg lukta på dei tenkte eg at «dette må eg lage ein gin av», og slik blei det, fortel han.

I jakta på nye produkt er det også mange som ikkje blir noko av.

– Eg prøvde mellom anna å lage ein gin med 20 prosent alkohol, sidan det er blitt så populært med svakare utgåver av brennevin. Men det gjorde at den karakteristiske gin-smaken forsvann, så då gjekk den i vasken. Det er alltid surt når det skjer, men sånn er det, seier han.

Harald saman med sonen Hans Marius framfor Straumshornet. Med seg har dei tønna med Straumshornakevitt. Foto: Even Ørjasæter

Bomtur

Spontaniteten er noko som har vore med Strømmegjerde heilt sidan han bestemte seg for å starte destilleri i garasjen. Også dette var noko som berre hende, fortel han.

– Sonen min hadde spurt om vi kunne dra på ferie til Skottland, og det skulle vi jo, men fordi eg var seint ute med å bestille tur enda vi opp i Dublin i Irland i staden. Eg hadde drive ein del med ølbrygging og hadde lyst ein tur til bryggeriet til Guinness, men sidan der var så lang kø enda vi opp på eit whiskydestilleri medan vi venta. Etter omvisinga der sa eg til sonen min at dette skulle no eg også klare, så for å vere ein god rollemodell måtte eg jo gi det eit forsøk då vi kom heim, fortel Strømmegjerde.

Løa på familiegarden blir brukt til lagring av tønner med brennevin. Planen er at løa skal bli riven og at det skal bli bygd produksjonslokale der i staden. Foto: Even Ørjasæter

Planar

Sidan han starta opp i 2019 har Strømmegjerde vunne fleire internasjonale gull- og sølvmedaljar for brennevinet sitt. No prøver han seg også på satsing i utlandet.

– Eg har nokre følarar ute i Storbritannia, der eg har vore i møte med fleire, så vi får sjå kva som blir av det. Elles planlegg vi lansering i New York i USA denne hausten, seier han.

Elles skal han også ein tur til Færøyane i haust for å besøke eit destilleri der.

– Det morosame her er at dei er ganske like oss. Dei har rett nok komme mykje lengre når det gjeld turisme, men vi har komme lenger når det gjeld produksjon. Så vi kan lære av kvarandre, seier han.

Planar på heimebane har han også. Mellom anna vil Strømmegjerde få planta epletre i hagen for siderproduksjon.

– Det kan vere greitt med noko anna enn berre brennevin også, ler han.

Og løa har han tenkt å rive for så å setje opp eit eige produksjonslokale for eplesider og meir lagerplass. Ginproduksjonen blir verande i garasjen. Turisme er også noko han ønsker å satse på.

– Håpet er også å få laga til ein ordentleg parkeringsplass for bussar med turistar nede ved vegen. Slik det er no er tilkomsten ikkje den enklaste, så forhåpentlegvis vil det også gå i orden, avsluttar Harald Strømmegjerde i Brennevinsgrova.