Torsdag kveld fekk alle innbyggjarane i Stranda kommune tekstmelding, der ein vart oppmoda om å koke drikkevatnet, då det ikkje har den kvaliteten det skal. Seinare vart det også kjent at dette har ført til store konsekvensar for Orkla Foods, som av same årsak måtte stanse all pizzaproduksjon på fabrikken.

To ulike punkt

Nyss har snakka med einingsleiar Næring og teknisk, Cato Andersen i Stranda kommune, for å få kartlagt kva som ligg bak stenginga.

– Vi veit ikkje nøyaktig kva som har skjedd, dette er noko vi nøstar opp i no og vil evaluere framover. Vi vart merksame på verdien av intestinale enterokokkar etter det vart gjort funn i vassprøver henta frå to ulike prøvepunkt på Stranda, opplyser Andersen.

Han seier vidare at det vert rutinemessig tatt standard vassprøver med faste prøveparameter, fleire gongar i månaden, som nettopp er for å sikre at vatnet er trygt og reint.

– Måndag tok vi siste prøve. Der vi fekk påvist framdyrking av bakteriekolini, med ein verdi på 1 cfu/100 ml, som er det lågaste målbare utslaget i denne type testar. Då vi også fekk funn på ei prøve henta frå eit anna prøvepunkt, visste vi at det ikkje berre var feil med testen, og at tiltak måtte vurderast.

Cato Andersen er einingsleiar Næring og teknisk i Stranda kommune. Foto: Rita Løseth

Kloring og tapping

Arbeidet som no blir utført, er at det vert tilsett meir klor i vatnet, samt tapping av leidningsnettet, slik at det nye, reine vatnet er det som er att. Dette vert gjort med lokale ressursar.

– Vi tek nye prøver i dag, som blir sendt til laboratorium for dyrking. Dyrkinga tek om lag to dagar, så svaret kjem mest truleg søndag. Difor kan vi ikkje klarere vatnet fram til det er gjort, og vi må ha minst to etterfølgande prøver rein, seier Andersen.

Levedyktig

Så lenge årsaka ikkje er kjent kan Andersen ikkje avvise at det kan vere snakk om forureining, særleg sidan det er ein tarmbakterie det er snakk om.

– Det vi veit er at det har vore store nedbørsmengder den siste tida, og store regnskurar kan føre med seg avføring frå beitande dyr. Då ser vi også at desse verdiane vil stige noko, som er årsaka til at vi reinsar. Denne bakterien kan opphalde seg lenge i vatn og kan kome fram fleire veker sjølve regnskyllet, forklarar Andersen.

Stranda kommune er i god dialog med bedriftene som vert råka av restriksjonane, men ber alle som har bekymringar om å ta kontakt.