Hovudtillitsvalt for Delta Kristoffer Vikan på Ålesund sjukehus og Volda sjukehus fortel om fleire ulike typar feil som har oppstått.

– Det har komme tilvisingar til Ålesund sjukehus som skulle gått anten til Molde sjukehus eller til Kristiansund sjukehus. Dette gjeld i alle fall to avdelingar i Ålesund. I tillegg har pasientar fått innkalling til feil avdelingar. Heile pasientgrupper har fått innkalling til feil avdeling, seier Vikan til Sunnmørsposten.

I tillegg fekk fleire tilsette i psykiatrien tilgang til pasientlister dei ikkje skulle hatt tilgang til.

Dei tekniske problema var venta. Derfor innførte helseføretaket ringerutine ved hastesaker for å dobbelsjekke at meldingar kom fram.

– Alle avdelingar skal ha superbrukarar som kan rettleie. Men fleire stader er trykket så stort at det ikkje er tid til å rettleie, seier Vikan.

Ifølgje administrerande direktør i helseføretaket Olav Lødemel blir dei fleste sakene løyste lokalt, og sakene blir gjennomgått og prioriterte tidleg på morgonen i fellesmøte.

– Hovudutfordringane no den første veka har mellom anna vore problem med tilgangar til pasientlister, oppsett av innboksar, etc. Nokre ser for lite, og andre ser for mykje. Vi veit at St. Olavs hospital også hadde utfordringar med dette i innkøyringsfasen sin, seier han.

Han forsikrar at leiinga følgjer situasjonen nøye og varslar aktuelle styresmakter «dersom situasjonen skulle tilseie det».