I februar 2022 fekk Vibeke JA frå kona Inger Marit i Maridalen kyrkje. Paret vart vigde av ein homofil ven som er prest. Nedstenginga etter korona vart brått oppheva to dagar innan den store dagen, trass i det fekk dei samla ein god gjeng med kollegaer og vener på kort varsel, og toppa det heile med eit storslege jenteselskap på vårparten.

Laurdag var dei med å kaste glans over Bygdepride-arrangementet på Stranda og i strålande solskin møter Nyss paret etter paradetoget. Dei kom eins ærend frå hovudstaden for å ta del i markeringa og var raskt i gang med å planlegge tur då arrangementet vart kjent. Feriedagar hadde dei begge til gode og snødekte fjelltoppar nærmast ropte etter Vibeke, som er tidlegare alpinist.

Må kjempe vidare

Til dei har mange sett spørjeteikn om kvifor det er viktig å feire Pride. Til det svarar dei at det er naudsynt så lenge menneske vert drepne rundt om i verda, berre fordi dei er skapt som dei er.

– Ein skulle tru at i 2023 var dette enda enklare, men det er ikkje tilfellet. No er homo-førekjemparen Kim Friele borte og kven skal ta stafettpinnen etter henne? Hennar død har laga eit vacuum og eg vonar nokon ein dag greier å fylle skoa hennar, for skyteepisoden som skjedde på puben London i Oslo i fjor sommar beviser at stemmer som hennar framleis trengst, seier ei engasjert Inger Marit.

Maskotane sørga for dans og moro på Mona stadion før paradetoget. Foto: Rita Løseth

Vaklande start

Det var ikkje slik at Vibeke hadde eit bevisst forhold til legning i oppveksten, det var ikkje før seinare ho oppdaga at ho likevel skilde seg frå andre på eitt bestemt felt. Ho vart tiltrekt av både menn og kvinner.

Så i tenåra vart Vibeke verande i skapet. Kjenslene veksla fram og tilbake, der ho forelska seg både i jenter og gutar, noko som var vanskeleg også for henne å forstå. Etter vidaregåande skule reiste ho ut for å ta høgare utdanning, først på idrettshøgskule i Oslo, så fysioterapeututdanning i Bergen. I denne perioden fekk fleire gutar bli med henne heim, mest for å ha eit slags alibi.

– Dette var jo på syttitalet og ein opplevde heilt klart eit press frå samfunnet om å finne seg ein kjekk kar og skaffe seg nokre ungar. Det var visst på tide også for meg, eg som var sånn ei fin og flott jente, seier ho med ein latter.

Vegskilje

I byrjinga av åttitalet gjorde Vibeke endeleg opp status. Ho fann det forvirrande å veksle mellom ulike kjønn og kjende på eit behov for å lande. Etter dette såg ho seg aldri attende, noko som bekreftar at hjartet valde rett. Det ho kjente saman med kvinner var rett og slett meir riktig.

Likevel skulle det ta mange år innan nokon fekk følge henne heim til Stranda. Kona Inger Marit var den aller første, som i 2020 fekk handhelse med status som kjæraste. Ikkje kunne ho skulde på manglande aksept frå familien heller, det har nemleg aldri vore mangelvare.

– Men for meg har det blitt nokre tøffe tak opp igjennom åra, då eg kjem frå ein svært kristen familie. Broren min seier han likevel er stolt av meg og rosar meg for at eg ikkje berre tok den lette ruta, gifta meg med ein mann og fekk dei barna samfunnet kravde. For meg er det viktig å stå opp for meg sjølv, og valet om ikkje få eigne barn, var berre mitt eige. Men far min på 90 år forstår framleis ikkje kvifor det er viktig for meg å leve slik, og etter 36 år har vi framleis ofte harde diskusjonar, fortel Inger Marit.

Inger Marit og Vibeke fekk følge i toget av sokneprest Ann Kristin Langeland. Foto: Rita Løseth

Både normal og vanleg

Trass ulikt syn, har Vibeke alltid fått god mottaking når paret besøker heimbygda hennar, Eidskog. Nøkkelen trur dei er å gjere hyggelege, vanlege ting saman, dele gode augeblikk, god mat og trivelege turar, og vise at normaliteten er den same, om samansetninga er likekjønna eller ikkje.

Vibeke opplever at når ho samtalar med andre om kona si og livet sitt på ein open og naturleg måte, vert ho møtt på same vis. Og så trur ho ein kan kome langt ved bruk av litt sjølvironi og humor, som ho opplever kan bidra til å avmystifisere og normalisere.

– Men det har ikkje alltid vore slik. Mange har måtte kjempe for å stå opp for seg sjølv og nære vener av meg har valt ein permanent utgang på lidingane, fordi dei ikkje vart akseptert av sine eigne. Dette skulle vi vore heilt ferdige med i vår tid, slår Inger Marit fast.

Nokre råd på tampen

For dei som kjem etter og synest det er vanskeleg å stå fram som homofil, har paret nokre råd.

– Ver tolmodige og ha trua på at det går seg til etter kvart. Det som først kan vere sjokkprega for andre, vil roe seg og alle som er glad i deg, vil du skal vere lukkeleg. Så følg hjartet og stol på deg sjølv, få deg nokre gode vener og eit nettverk av folk du kan stole på, del og ver open. Då får du det mykje betre med deg sjølv, helsar Vibeke.