Også Riksantikvaren reiser motsegn mot oppdrettsanlegg i Raudbergvika i Fjord kommune.

Det er Roger Hofseth som planlegg oppdrettsanlegg i den nedlagde olivingruva i Raudbergvika.

Riksantikvar Hanna Geiran har fleire innvendingar:

– Tala vi har fått presentert peikar på nitrogenutslepp i fjorden tilsvarande utslepp frå ein million menneske, og eit uttak av massar som er nesten 17 gonger større enn den nye Indreeidstunnelen på 4,9 km. Dette er store tal, seier Geiran i ei pressemelding.

– Anlegget kjem klart i konflikt med verdsarvverdiane for Vestnorsk fjordlandskap, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvar Hanna Geiran. Foto: Trond Isaksen

Utspelet frå Riksantikvaren kjem etter at fylkespolitikarane, og også Fjord kommune, har støtta oppdrettsplanane.

Riksantikvaren skriv at tiltaket kan føre til positive endringar og samfunnsverknader for lokalsamfunn i området. Samstundes er det stor risiko for betydelege miljøskadar og verknadar på landskap, geologiske prosessar, geologisk mangfald og geotopar, maritimt naturmangfald, kulturmiljø og kulturminne. Verknadane vil kome både i anleggsfasen og i driftsfase. I tillegg har fleire utgreiingstema til dels stor uvisse, og det er også faglege usemje knytt til nokre av dei.

Også Statsforvaltaren har motsegner mot planane.