Tysdag kveld skal naudetatane brann, helse og politi, samt kriseleiing i Stranda og Sykkylven kommunar har øving på kjettingplassen i Velledalen.

Jon Tommy Flo. Foto: Rita Svorkås

Jon Tommy Flo, fungerande seksjonsleiar for polititenester i Sykkylven og Stranda, fortel til Nyss at scenarioet er ei trafikkulykke.

– Dette er berre ei øving, men det vil bli mykje blålys frå alle naudetatane på staden, og det er mogleg at luftambulansen også vil ta del. Vegen blir ikkje stengt, men trafikken vil gå forbi med redusert fartsgrense, seier Flo.