Reservefartøyet MF Stordal var sett inn i sambandet Stranda - Liabygda frå klokka 11, opplyste Fjord 1 laurdag føremiddag.

I ei oppdatert melding opplyser Fjord 1 at det blir normal drift med hovudfartøy MF Volda frå 11.45. Det var ei periode aktuelt å gå over til trekantrute Stranda - Liabygda - Eidsdal med reserveferje. No når teknisk feil med MF Volda er løyst, blir dette altså ikkje aktuelt lenger.

Laurdag morgon melde Fjord 1 om teknisk feil på sambandet.

Trafikkoperatør Stian Gullvåg hos Vegtrafikksentralen sa at dei først fekk melding om at to avgangar var innstilt.

– Så fekk vi ny oppdatering klokka 07.40 om at heile ferjesambandet var innstilt på grunn av teknisk svikt. Vi har ikkje fått spesifisert kva dei tekniske problema går i, seier Gullvåg.

Om bord på ferja «Volda» hadde dei i 09.30-tida ikkje konkret informasjon.