Kyrkjelydane i begge kommunar skal utføre bøsseaksjon tysdag 28. mars.

I ei pressemelding frå kyrkjeverje i Sykkylven Arild Sporsheim kjem det fram at konfirmantar og frivillige frå både Sykkylven og Stranda kommunar gjer seg klare for innsamling i høve Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon.

– Takka vere innsamla midlar, mellom anna frå fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt naudhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eitt år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe, heiter det i pressemeldinga.

I år har aksjonen fått namnet «Håp i ein drope vatn».

– Gjennom Fasteaksjonen er vi med på å gje håp og forandring for menneske som treng det mest. Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet som må til for å redde og forandre liv. Vi håpar konfirmantar og frivillige som deltek i aksjonen blir teke godt imot, seier Sporsheim.