– Openheit og truverd er Nyss sine kjerneverdiar.

– AI skal ikkje nyttast på ein måte som undergrev journalistikken.

– Ein målsetnad med å bruker AI er å spare tid og lage betre journalistikk.

– Journalistane i Nyss skal vere nyfikne på å eksperimentere med AI, men samtidig vise varsemd og ha eit kritisk blikk.

– All bruk av AI skal gjennomgåast manuelt, for å sikre at det som vert publisert er truverdig og sant.

– Nyss sine journalistar skal ikkje dele konfidensiell informasjon og sensitive opplysningar med AI-tenester.

– Innhald generert av AI på Nyss sine flater skal merkast tydeleg, slik at det er heilt klart for lesarane når AI har vore tatt i bruk.

– Illustrasjonar laga av AI skal godkjennast av redaktøren.

– Ver varsam-plakaten og Nyss sin etiske retningslinjer gjeld også for innhald generert av AI.

– Nyss sin ansvarlege redaktør har fullt personleg, juridisk og etisk ansvar for alt som blir publisert av Nyss.

– Teknologien er i rask endring, og retningslinene våre vil difor bli vurdert og oppdatert fortløpande.