Flotte resultat i P22 for Martine Sve:

– Kjekt å sjå at treninga gir resultat

Koronapandemien har ført til mykje trening og lite konkurransar for Martine Sve. Treninga gav utslag under konkurransen P22.

Blinkskot: I ein alder av berre 18 år skaut Martine Sve betre enn verdsrekorden, og slo utøvarar på elitelandslaget under P22 i mars.  Foto: Frank Sve

Sport

– Eg hadde forventa nokre gode resultat, men ikkje å kunne halde det gåande gjennom så mange konkurransar. Det er veldig stas, og eigentleg litt uventa. Eg er jo berre 18 år og skal eigentleg ikkje vere så høgt oppe, seier Martine Sve til Nyss.