Jente 16 laget til Sykkylven ute av cupen

Kamp: Sykkylven J16 møtte Molde på Sykkylven stadion søndag. Molde avgjer kampen på straffespark like før slutt.  Foto: Per Bjarte Ludviksen

Sport

Jentelaget til Sykkylven gjorde ein svært god kamp mot Molde i første runde av Norgesmeisterskapet Telenor cup på Sykkylven stadion søndag. Dei svært mange tilskodarane på tribuna fekk sjå ein spanande og dramatisk kamp heilt til siste sekund der Molde klarte å snu kampen heilt mot slutten.