Sykkylven snudde til siger

Damelaget kriga seg til siger over Spjelkavik på Ikornnes stadion onsdag kveld. Den store helten vart Sofie Kolås med to flotte mål i andre omgang i ein veldig jamn kamp.

Gjorde ein god kamp: Frå venstre: Natalie Skinnes Hjellegjerde, Linnea Blakstad Saugestad, Julianne Blakstad Saugestad og Sofie Kolås.  Foto: Per Bjarte Ludviksen

Sport

Kampfakta

Damer 3. divisjon: Sykkylven – Spjelkavik 2-1 (0-1)

  • Mål: 0-1 Sanna Hjelle Aslaksen (45), 1-1 Sofie Kolås (68), 2-1 Sofie Kolås (2-1)
  • Gule kort: Natalie Skinnes Hjellegjerde, Sykkylven og Vilde Olafsen Hjelle, Spjelkavik.
  • Dommar: Taher Tamini, Ørsta IL
  • Tilskodarar: Rundt 50

Sykkylven sitt unge damelag møtte robuste og meir erfarne damer frå Spjelkavik til sin andre seriekamp for året. Spjelkaviklaget blir i år trent av fjorårets sykkylvstrenar Jan Ove Aslaksen. Som kaptein har han også fått med seg tidlegare Fortuna-spelar Hege Dahl som no har bikka 40 år.