Toppoppgjer

Etter tapet for Stranda vil nok Sykkylven revansjere seg mot Ørsta på Sykkylven stadion i morgon. Toppoppgjeret kan bety mykje for kven som rykker opp i 4. divisjon.

Ny kamp: I morgon speler Sykkylven mot Ørsta. På biletet er Håkon Hunnes Hanssen.   Foto: Arild Ringdal

Sport

Ørsta har ikkje tapt etter fire serierundar, og vann siste kampen mot Blindheim som toppar tabellen med 18 poeng, men står bokført med sju kampar. Også Sykkylven har spelt sju kampar, men ligg så langt på 2.-plass på tabellen med 13 poeng.