Vert ikkje opprykk i år

Sykkylven tapte viktig heimekamp

Ørsta blei for sterk og vann med to mål i Sykkylven torsdag kveld.

Kjempa trass tap: Vegard Kaland i duell.  Foto: Per Bjarte Ludviksen

Sport

Sykkylven tapte den viktige heimekampen mot Ørsta torsdag kveld på Sykkylven stadion. Etter ein god første omgang der Bengt Hole Alnes gav heimelaget 1–0-leiing omtrent før kampen hadde starta, så rakna det utover i andre omgang. Ørsta hadde berre ein sjanse i første omgang, og den gav utlikning berre fem minutt etter Sykkylven sitt mål.