Historisk innebandykamp

I helga var det endeleg damene i Sykkylven Innebandyklubb sin tur til å prøve seg på bana, i historiens ALLER første damekamp på Nordvestlandet

Møttest til kamp: Sykkylven Innebandyklubb møtte Ålesund til historiens aller første damekamp på Nordvestlandet. Sykkylvsspelarane var f.v.: Ingvild Leichty, Anna Myklebust, Helene Aurstad Andersen, Hannah Katrin Watters, Kristin Fure, Trude Vedvik, Heidi Myrseth Settemsdal og Beate Vigmostad Grøvik. Keeper var Ravn Tvedt Honstad frå junior SIBK. Bak står dommarane, og til høgre ålesundspelarane med raude og blå drakter.   Foto: Privat

Sport

Sykkylvsklubben har dei siste tre åra bygd opp eit stabilt og godt damelag, med om lag 15 spelarar. Ni av desse var i aksjon søndag, då dei møtte Ålesund i dobbelkamp i Sunday League/ Ørstahallen.