Stranda FrP har den siste tida tapetsert debattsida i Nyss med angrep på oss i Høgre. Det tek vi som eit signal om at dei er uroa over den sterke framgangen Høgre har både nasjonalt og lokalt.

Tilbakemeldingane vi får frå veljarane er at dei ynskjer eit maktskifte i kommunen for å sikre ansvarleg økonomisk styring, og det skal vi gjere vårt beste for å få til.

Vi hadde trudd at FrP var interessert i å ta del i ein sakleg debatt om korleis utfordringane i kommunen skal løysast, men i staden kjem den eine tiraden med angrep etter den andre. Det mest forunderlege innlegget så langt kjem frå gruppeleiar Steinar Aanning i innlegget med overskrifta «Ikkje framsteg i giftarmål mellom Høgre og Frp».

Hallo? Kva skjer? Har det nokon gong vore aktuelt å inngå «giftarmål» med FrP?

Sanninga er at styret i Stranda Høgre i byrjinga av mars vart invitert til ein uformell kaffiprat med styret i Stranda Frp. Der snakka vi roleg og godt om kva partia meiner om aktuelle politiske saker i kommunen. Samstundes vart Stranda Høgre oppmoda om å skrive under eit framlegg til avtale om at partia etter valet skal forhandle om posisjonar i kommunestyret. Det har vi takka nei til.

Samstundes har vi sagt frå om at Høgre sjølvsagt vil snakke med Frp når veljarane har sagt sitt. Noko anna skulle sjølvsagt berre mangle mellom to borgarlege parti som har felles standpunkt i mange saker som er viktige for Stranda.

Men lysta hos oss i Høgre på å samarbeide med Frp etter valet har ikkje akkurat vorte sterkare når ein høyrer og les kva partiet sine kandidatar meiner og tenkjer. Stranda kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og treng eit lovleg budsjett for 2023 og ein økonomiplan for åra som kjem. I kommunestyret stemte vi for rådmannen sitt framlegg. Det gjorde vi trass i at den politiske prosessen fram mot vedtaket har vore dårleg, og vel vitande om at det er fleire usikre postar i budsjettet.

FrP stemte mot budsjettet. Det gjorde dei utan å kome med eit einaste forslag til endring i budsjettet. Frank Sve gjer i sitt innlegg i avisa 07.06 inntrykk av det motsette. Protokollen frå kommunestyremøtet 24.05 fortel imidlertid at Frp sine representantar berre stemte mot rådmannen sitt framlegg. Ingen fekk vite kva dei ville kutte i for å styrke eldreomsorg, skule og SFO i budsjettet.

Om fleirtalet hadde gjort som Frp, ville konsekvensen vore at Stranda vart sett under statleg administrasjon. No får vi i staden tilbakemelding frå Statsforvaltaren på om vedtak om budsjett og økonomiplan er lovleg fatta. Vert dette godkjent, kan den lokale styringa over drift og økonomi halde fram.

Om ikkje lenge startar arbeidet med budsjett for 2024 og ny økonomiplan, og då er målet vårt at ein i prosessen tek dei grepa som må til nettopp for å trygge helse, eldreomsorg og oppvekst i kommunen. Men dette får vi berre til i samarbeid med andre parti som er villige til å ta ansvar. Om Frp vil halde fram som protestparti er det deira val. Men draumen om «giftarmål» kan dei då gløyme.