Frp har fremma alternative budsjett kvart eit einaste år også med protokolltilførslar, Høgre har aldri fremma eigen politikk dei siste åra i Stranda, men dilta etter Tryggestad og Sp.

Når Einar Arve Nordang presterar å hevde at Frp ikkje har eigne forslag, så vitnar dette om anten vond vilje til å sjå realitetane, eller at ein rett og slett ikkje har fulgt med.

I kvart år etter 2018 har Frp levert alternative kommunebudsjett. Vi har også fremma eigen protokolltilførsel kvart år der det grundig er skildra kva vi har fremma, og kva vi meinte vart konsekvensane av Sp og Høgre sine budsjett.

No ser vi realiteten, Frp hadde sitt eige budsjettalternativ for 2023, som vart grundig stemt ned av alle parti, inklusivt Høgre.

Når då Høgre og co sitt budsjett blir underkjent av Statsforvaltaren er det ikkje Frp si oppgåve å «rydde opp» etter dette kaoset.

Einar Arve Nordang og Høgre har ikkje løfta ein finger for å «rydde opp» men via sin eigen varaordførar kun fortsett å dilte etter Sp og Tryggestad.

Vi i Frp har verkeleg forsøkt å få med Høgre til å drive høgrepolitikk, men dette har Nordang og co effektivt motarbeidd.

Haustens val vil dreie seg om i realiteten to parti, eller to fløyer i Strandapolitikken.

Frp med ein ny kurs, og med vilje til å faktisk prioritere dei eldre, skule, SFO og barnehage,

Eller ei «rustraud» fløy bestående av Sp, Høgre, Ap, og KrF, som bevisst har tømt kommunekassa og som no raserer eldreomsorga, skule og SFO.

Ingen av den «rustraude fløya» har vist evne til å kunne rydde opp, berre levert eit nytt budsjett som var enda verre enn det fyrste.

Vår invitasjon til Høgre om å faktisk komme over på ei borgarleg side står ved lag, men då må Høgre og Nordang snart sjå til å sleppe skjørtekanten til Sp og Tryggestad.