«No må vi rydde opp etter oss», var bodskapen Frp sin gruppeleiar i Stranda, Steinar Aanning, ga til Nyss 9. november i fjor etter at formannskapet hadde drøfta framlegg til kommunebudsjett for 2023.

Han meinte alle parti hadde ansvar for å finne løysingar på dei store økonomiske utfordringane til kommunen.

Sidan har mykje vatn rent i havet og Stranda har havna på Robek-lista. Kommunen fekk frist til 24. mai på å leggje fram eit nytt 2023-budsjett og økonomiplan for dei komande åra, som Statsforvaltaren no har fått til godkjenning. Dette vart vedteke mot røystene frå Frp, medan Høgre stemte for. I Nyss 2. juni stod det ikkje mindre enn tre innlegg frå Stranda Frp om saka, mellom anna med angrep på oss i Høgre. Roger Horremsbakk skriv at budsjettet «set heile pleie- og eldreomsorga ut av kontroll» og Gro Anita Sve meiner det er barn og lærarar på Ringstad skule som skal få svi.

Men då stiller eg spørsmål om kva som var og er Frp sitt alternativ, anna enn å stemme mot framlegget til budsjett frå rådmannen. Kva for poster i budsjettet skulle kuttast eller strykast for å styrke eldreomsorga og tilbodet til barn og unge? Det fekk vi ikkje svar på. Og har Frp tenkt over kva konsekvensen ville ha vore om fleirtalet hadde fulgt partiet og stemt mot budsjettet? Ynskjer dei at Stranda kommune skal setjast under statleg administrasjon?

Høgre sitt svar på det siste spørsmålet er eit klårt nei. Vårt mål er å løyse utfordringane i Stranda med lokal styring. Men i kommunestyremøtet ga vi, til liks med Frp, uttrykk for sterk kritikk av ordførar Jan Ove Tryggestad for ein elendig prosess fram mot budsjettvedtaket. I staden for å samle alle parti til rådslag om konkrete løysingar, vart vi stilt overfor eit «fait accompli» – eit fullbyrda faktum vi berre måtte godta før fristen til Statsforvaltaren hadde gjeve gjekk ut.

For Høgre er det eit mål å vinne ordførarmakta i Stranda ved valet i september. Klarer vi det, lover vi veljarane ansvarleg økonomisk styring. Men utan godt samarbeid i kommunestyret vert det vanskeleg å «rydde opp etter oss». Difor har vi ein von om at bidraget frå Frp vert meir enn berre å stemme mot framlegg til vedtak.