Høgre (H) stemte i 2022 for eit budsjett som ikkje var innafor lovverket. Frp meina at så er tilfelle også denne gang, når budsjettet har gått frå vondt til verre.

Sp og H har i tospann dei 8 siste åra hatt bukta og begge endane. Dette kjem tydleg fram i vedtaka som har forma Stranda til dagens tilstand. H, bør stå til rette for sin historikk, som kan ha bidratt negativt til enkeltmenneske sine liv med retning og innhald.

Ja, eg inviterte til samarbeid om å rydde opp etter oss.

Den invitasjonen enda med at ordførar og varaordførar sluttførte budsjett 2022 på ordføraren sitt kontor, kvelden før vedtaket.

Kveldsarbeidet vart ikkje godtatt av Statsforvalteren etter klage frå FRP. H og SP ønskte ikkje breitt politisk budsjettarbeid, nei dei andre partia vart satt på gangen.

Den same var tilfelle når formannskapet ikkje fekk bidra i budsjettet, i det nye forsøket til H og Sp, om å få godkjent eit budsjett.

Så derfor Nordang, var Invitasjonen frå Frp at «vi må rydde opp etter oss», fånyttes. Dette når H og Sp tydleg ikkje vil ha innblanding i si drift av Stranda.

Nordang påstår også at Frp ikkje har eigne framlegg i budsjettet. Dette er feil.

I 2022 hadde eg framlegg på 12 tiltak som kommunen kunne utføre for å styrke økonomien.

Som du huskar Nordang, så stemte jammen H for 5 av dei. Der stoppa det, så stemte du for begge budsjettforslaga til Sp, I tillegg har Frp fremma alternativt budsjett kvart år sidan 2018.

Så Einar Arve, i spørsmålet ditt om Frp ønskjer Stranda under Statleg Administrasjon?

Ja det bekrefta eg i mitt innlegg i budsjettdebatten 2022: «Redninga for økonomien til Stranda kommune er å kome i Robek under statleg tilsyn, dette klarer vi tydelegvis ikkje åleine».

Slik som Stranda blir styrt no, treng Sp og H verge med tilsyn, og med det tvinge fram tiltak som gjer den daglege drifta berekraftig over fleire år.

H og Sp, har etter Frp sitt syn ikkje evna å ta innover seg, eller ta høgde for mekanikken i framtidige svingingar med rente , inflasjon, prisstigning og lønsvekst.

I tillegg har dei to partia unngått å ha eit 10 års perspektiv på totaløkonomien til kommunen.

Med eit slikt innsyn og styringsfart ville dei med politisk makt ha sett tidleg, at drift og investeringsviljen var uforsvarleg høg og ikkje var berekraftig over tid.

Frp vil no ta til orde for og gå til val på ein ansvarleg langsiktig og berekraftig økonomisk politikk i Stranda.

Vi vil fremme ny kurs innan økonomi , eldreomsorg, helse, oppvekst og Skule. Dette med eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv forvaltning. Utgreiing av kommunesamanslåing og grensejustering er eit ledd i dette.

Dette for å synleggjere eventuell gevinst i å kunne drifte meir rasjonelt med større fagmiljø.

For å oppnå dette treng Stranda eit sterkt FRP etter valet til hausten.

Einigheita mellom Sp og H i budsjettet tilseier at dei allereie har gifta seg og reia senga for ordførar og varaordførar.

Ei stemme til Høgre vil derfor være ei stemme til Sp.