Det er heilt rett at nokre pasientar har fått endra bustad og naboar ved omsorgssenteret. Det vert det også gjennom heile året når nye flyttar inn. Det er kontinuerleg endring av kven som til ei kvar tid bor her. Den som får plass i leilegheit eller institusjon har fått det ut frå at det er vurdert som eit behov i forhold til hjelp etter  Lov om kommunale helse og omsorgstenester.

All omstilling kan skape uro og usikkerheit både hjå tilsette og pasientar. Alle som har fått endra bustad har det vore dialog med pasient og/eller pårørande, samt dei har fått skriftleg informasjon og med tilbod om ny bustad. Alle beheld dei same tenestene som dei har i dag. Ingen er flytta til lavare omsorgsnivå. Det er mange vurderingar som vert gjort i ein slik prosess. Det å ivareta dei som må flytte, gjere individuelle vurderingar, og vurderingar rundt det å skape gode miljø igjen, har vi hatt eit stort fokus på. Alt som er gjort av flyttingar er gjort i samråd med pasient og pårørande. Dei som har flytta fram til no seier dei er fornøgde med den nye leilegheita si. At den er fin, finare enn den dei hadde, og at fellesskapet er fint. Vi er fortsatt i prosessen og det vert gjort kontinuerlege vurderingar i samråd med pasient og pårørande.

Personell har stort fokus på å skape trygge ramme for dei som bor på Omsorgssenteret, men det er ikkje mogleg å verne dei for alle endringar sjølv om dei er eldre. Pasientane overraskar også stort på å uttrykke at dei er omstillingsdyktige.