Vi er nettopp ferdig med ein valkamp der dei ivrigaste politikarane slåss om å få lage ein agenda der litt av fokuset vart på dei eldre. Dei krangla om eitt eller fleire rom på BUAS stod ledige. Ingen snakkar korleis det ser ut på innsida, og korleis dei eldre har det.

No i det siste har vi som pårørande vore vitne til korleis leiinga er i gang med å gjennomføre ein prosess med å flytte på folk. Om det er for å betre økonomien eller skape eit bere miljø, eller ta i bruk dei ledige romma, veit vi ikkje. Dei eldre får melding om at dei må flytte frå leiligheita  dei leiger med kommunen til ei anna leilegheit litt lenge unna. I denne veka var ein av desse bebuarane så lei seg at ho gråt seg gjennom middagen saman med dei andre ho delte bufelleskapet med. Ho måtte flytte sjølv om ho ikkje ville det. Dei andre blir usikre og lei seg. Gode miljø vert øydelagt. Usikkerheit spreiar seg blant dei som sit igjen. Vi som pårørande veit ingen ting. Vi kan ikkje roe dei og forklare. Andre har gjort lignande forsøk før utan at det har vore vellykka.Det er ingen som får tale desse folka si sak. Sidan leiinga skjuler seg bak tausheit, må vi pårørande sjå på desse hendingane som grove overgrep.

Vi som er pårørande fekk vite at det var trygt og bra på BUAS, Sykkylven omsorgssenter, og dei eldre hadde det kjekt når dei vart kjende med dei dei delte bufellesskap med. Alle er interesserte i å inkludere og lage det hyggeleg for kvarandre. Dei tilsette gjør ein kjempejobb.

Raskt og effektivt har leiinga øydelagt dette og lurt oss. Det gode miljøet blir berre ein illusjon når leiinga gjennomfører tiltak som ingen skjønner noko av og skaper så såre følelsar hos dei eldre at dei tek til tårane.

Så kan en spørje seg kvifor blir ikkje dei det gjelder informert? Kva vil leiinga på BUAS oppnå med tvang og overgrep? Dette er folk som kan tenke, føle og har meiningar?

Vi vil alle reagere dersom vi bli tvangsflytta frå den leiligheita vi har kontrakt med kommunen med. Kanskje må ein flytte til eit nytt bufelleskap. Bygge nye relasjonar. Det tek tid, og alle er ikkje rusta for slikt. Kanskje kjem ein til ei leiligheita som ikkje har vore renovert og pussa opp på lenge. Kommunen er ikkje den flinkaste til å ta vare på eigedommane sine, og da er det lettast å gløyme dei som protesterer minst.

Eg ber politikarane om å ta seg ei befaring på BUAS. Sjå på romma til dei enkelte, sjå på møblane som er i fellesareala i møbelbygda, sjå på dei triste bilda som heng på veggane. Ein blir ikkje oppløfta av sjå dette. Dette seier litt om korleis vi prioriterer.