Når kassa er tom og kommunen omtrent er konkurs, så hjelper det svært lite å klamre seg fast til masta når skuta går ned.

Eg les eit innlegg frå Stein Lystad og Sp som rett og slett ikkje kan takast seriøst.

Når ei bedrift slit og går med vanvettige underskot, hjelper det slett ikkje å tvihalde på alt slik det var før, tvihalde på det som faktisk har fått Stranda kommune på ROBEK, og i endelause problem økonomisk.

Du skal ha alt du, Stein Lystad. Alle bygdelag skal ha alt. Ingen ting skal endrast. Men forklar meg korleis du har tenkt å omstille mellom 50–100 millionar kroner per år framover?

I innlegg etter innlegg har du skildra at «vi berre må ha» det eine etter det andre i bygdelaga, forstår du kva du eigentleg seier?

Forklar?

Legevakt skal du ha overalt, samt alle kommunale tenester, sjølv om fylkesmannen no har kravd kassa tømt og null fond er disponible.

Fyrst stemmer du og Sp for å legge ned legekontoret på Hellesylt, så hamnar kommunen på ROBEK og kassa er raka tom, og så kjem du med slikt «svada»?

Sp skal liksom love ditt og datt, vi har sett Sp i praksis no, så slutt med dette der …

Når har du tenkt å lære deg til å ta ansvar, som til dømes at Sp stemte lokalt for å innføre nullutsleppskrav for cruiseskipa i Geirangerfjorden, som du og dine brått no er så kraftig imot?

Eg veit kven den eine personen som stemte imot i hamnestyret, for det var eg, og FrP gruppa mutters åleine i kommunestyret.

Men slik er det, for seint å snyte seg når rasa er vekk.

Kommuneøkonomien må kuttast brutalt det er det ingen tvil om, etter Sp i praksis.

  • Dokke har selt e-verket.

  • Dokke har per 2023 null kroner i driftsfond. Kommunen måtte ta likviditetslån på 60 millionar kroner no i juni for å kunne betale ut feriepengar og løn.

  • Dokke har max eigedomsskatt.

Forklar meg og resten av Stranda sine innbyggjarar som kan sjå langt etter ny sjukeheim og omsorgsbustadar på Stranda, korleis har du tenkt å halde oppe alt som før og samtidig kutte titals på titals millionar kroner i drifta per år?