Ikkje rart det er folkemøte, protestmøte når ferjetilbodet deira blir foreslått redusert dramatisk.

Ap styrer Møre og Romsdal fylkeskommune, og Kjølmoen lovde kutt i ferjeprisane, det heile Møre og Romsdal no opplever også på Åram, er 24 millionar kroner i ferjekutt som rett og slett er AP samt SP i praksis!

At det er mogleg å opptre på ein slik måte, når ferjetilbodet blir brutalt kutta i Møre og Romsdal, vanlege folk fortviler og Kjølmoen forsøker å stå fram seg sjølv som ein helt?

Nei jammen ta, dette blir rett og slett for dumt Per Vidar Kjølmoen, kven trur du at du klarer å lure?

Når regjeringa presterer å radbrekke norsk økonomi, skyhøge straum, drivstoff og matprisar og renta fyk til himmels, så er dette dei faktiske forholda for vanlege folk og næringslivet.

Folk mistar jobbane sine og har det vanskeleg, og betre blir det ikkje når ferjetilbodet blir redusert.

At SP og AP ikkje har fått med seg dette er rimeleg tydeleg, og er rett og slett berre utruleg.

Kanskje ikkje veldig utruleg, når Kjølmoen presterer å skryte av eit møte som oppstod fordi AP raserer ferjetilbodet her i fylket, forstod du Kjølmoen kvifor folk var fortvila i Åram ang. ferjetilbodet og kven som har ansvaret for dette?

Men, no er det slik at vanlege folk tel ned kvar ein einaste dag til nye val, fyrst kommune og fylkestingsval der AP må geleidast ut av fylkeshuset før dei øydelegg meir.

Så er det berre å vere tolmodige i ca. 2 år, til ny regjering blir sett inn.

Jobben blir ikkje akkurat liten med å rydde opp etter SP og Ap i regjering, og slett ingen liten jobb her i fylket heller.

Så kan eg love Kjølmoen at eg faktisk er her i fylket, og det er sikkert vanskeleg for Kjølmoen å vere alle stader folk protesterer kraftig mot regjeringa, for eg såg ikkje snurten av verken SP, AP eller Kjølmoen når ca. 3000 protesterte i fakkeltog mot nedlegginga av Mork og kutt i helsetenestene frå regjeringa.