Ser i Nyss at Ståle Eikrem (Ap) er frampå nok ein gong om Frp og eigedomsskatten. Han kan ikkje meine at eg i Nyss skal kome med eit fullstendig revidert kommunebudsjett på fleire hundre millionar kroner for å fjerne om lag 16 millionar kroner i eigedomsskatt, som utgjer nokre få prosent av kommunen sine samla inntekter! Frp har ambisjonar om at denne usosiale og urettferdige skatten gradvis skal bli redusert og til slutt fjernast. Også Sykkylven kommune sin økonomi må bli revurdert for å få endane til å møtast. Eigedom skal ikkje vere eit skatteobjekt, korkje for næringseigedom eller bustad- og fritidseigedom.

Sykkylven kommune har i dag ikkje eigedomsskatt på næringsbygg. Men når ein les i Arbeidarpartiet sitt valprogram så vil partiet: «At kommunen undersøkjer konsekvensane ved å innføre eigedomsskatt for næring for å kunne behalde eit moderat eller senka nivå på den private eigedomsskatten. Rettferdig fordeling er eit mål for Arbeidarpartiet».

Ståle Eikrem: Får ikkje Ap nok inn i skattar og avgifter? No kan det bli bedrifter her i bygda som for tida slit nok økonomisk, som skal få ei ekstra skattebyrde, – nemleg eigedomsskatt på næring!

Også Arbeidarpartiet har svært mange forslag i sitt valprogram som vil koste store pengar, men eg kan ikkje spørje Ståle Eikrem i kvart einskild tilfelle kvar han skal ta pengane frå. Slikt er ordkløyveri i ein valkamp som eg ønskjer Ståle lukke til med!