I eit svar til meg i Nyss kjem Frank Kjøde med eit meir eller mindre «god dag mann øksa skaft» svar!

Som avismann og tidlegare redaktør var Frank oppteken av at vi som politikarar hadde klare svar og prioriteringar. No når Frank sjølv har innteke rolla som politikar kjem han med runde formuleringar utan eit einaste konkret tiltak, berre at avvikling av eigedomsskatten er ei viktig prinsipiell sak.

Han gjer eit poeng ut av at kommunen har eit budsjett på om lag 600 millionar kroner (frå sikre kjelder får eg opplyst at det er ca. 450 millionar kroner kommunestyret kan påverke) og at eigedomsskatten «berre» utgjer 2,8 % (eller 3,7 % av 450), så er det likevel 17 millionar kroner som må føre til mindre aktivitet i kommunen.

Så eg gjentek spørsmålet, og då forventar eg eit konkret svar, kva område i den kommunale drifta skal reduserast med 17 millionar kroner når eigedomsskatten er fjerna?

PS: Å fjerne eigedomsskatten er inga gladsak for meg dersom det går ut over dei svakaste i samfunnet.