Stranda kommune er inne i ein svært viktig periode med utarbeiding av budsjett og økonomiplan. Dette etter at vi har fått underkjent dette plandokumentet frå statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Under arbeidet med dette er det sjølvsagt høve til å kome med kritikk av framlegget frå rådmannen i Stranda til nytt budsjett. Formannskapet var samla til møte 10. mai kl. 15.00. I dette møtet var budsjettsaka den aller viktigaste saka vi hadde på dagsorden. Møtet burde vere av stor interesse frå lokalavisa og eventuelle andre, men vi opplevde at det ikkje var nokon frammøtte frå media.

Parallelt med den kommunale handsaminga i formannskapet fekk kommunestyremedlem og stortingsmann Frank Sve uttale seg om budsjettet, og framføre relativ einsidig kritikk mot framlegget. For ein lesar så er det svært vanskeleg å sjå skiljet mellom eit lesarinnlegg frå Sve, eller eit journalistisk innspel.

Det som også er underleg er at Frp sine eigne representantar var aktive deltakarar i formannskapet sin debatt, medan kommunestyremedlem Sve var online med Nyss sin journalist.

Ordføraren i Stranda vil aldri ta mål av seg å styre Frank Sve eller andre i det politiske ordskiftet, og vi er alle glad i ein konstruktiv debatt. Det er difor ynskjeleg at debatten i framtida går etter ryddige skiljelinjer gjennom politiske lag og organisasjonar, og gjerne med ei vaken og kritisk presse.

Redaktøren legg også opp til at ordførar Tryggestad er uroleg over manglande pressedekning av eigen person. Dette kan eg med den største glede fortelje at eg ikkje kjenner meg igjen i, tvert i mot har eg fått den merksemd som ein ordførar får i kraft av sin posisjon og sitt verv.

Vonar dette kan vere med på å balansere noko av dei påstandane som redaktøren legg fram i sin leiar 12.05.23.