Ved siste kommuneval fekk Sp 12 av 25 mandat. Partiet hadde med dette styrke til å ta rubbel og bit av posisjonar i den nye kommunestyreperioden. Men Jan Ove og vi ville det ikkje slik. Jan Ove, som den demokraten han er, tilbaud andre parti posisjonar. Såleis fekk m.a. H varaordføraren sidan det var største partiet utanom Frp ved valet. Frp kunne, og kan vi ikkje, samarbeide med.

Vi har ingen avtale med H om noko samarbeid. Likevel har H stemt likt med oss i dei fleste sakene, ja, mykje godt opp mot 100%. Når du, Nordang, no gjev Sp skulda for situasjonen kommunen er komen i, burde du kanskje tenkje deg litt om fyrst.

Du uttalar deg positivt om noverande ordførar, og det synest eg er rettkome. At du stemplar resten av Sp-gruppa og seier desse manglar sans for realitetane, merkar vi oss, men du gløymer alle vedtaka H har vore samde med Sp i. Du må gjerne vise til forslag der det har vore usemje mellom H og Sp. Det kan vere oppklarande.

H skal no stake ut ein ny kurs, men kva den kursen går ut på, blir ikkje sagt. Tenestene innan skule, helse og eldreomsorg skal halde fram med høg kvalitet, seier du. Det vil sjølvsagt også Sp arbeide for, i alle bygdelaga som no. Men det må vere ynskjeleg at veljarane får vite kva meir den nye kursen går ut på.

Frp snakkar og om ny kurs. Når H ikkje vil samarbeide med Sp ved nytt ordførarval, kven vil partiet då samarbeide med? Einaste alternativet vil då vere Frp, og H vil altså samarbeide med Frp. Ordførarkandidaten til Frp er Aanning. Han er ordførarkandidat i namnet, men alle veit at i gavnet er det Frank Sve. Med andre ord: Er H innstilt på eit samarbeid med Frp? I så fall blir det repetisjon av Frp og H sin åtteårige styringsperiode, og alle veit korleis det gjekk. Det ville vere greitt at du opplyser veljarane om dette.

Nordang, eg synest du brukar store ord. Så vidt eg veit, er di personlege erfaring i politikken ikkje særleg stor. Du har ikkje sete i formannsskapet nokon periode, og du har berre denne perioden som kommunestyremedlem. Særleg aktiv i kommunestyredebattane har du slett ikkje vore. Med di vesle erfaring meiner du likevel å vere rette personen til å styre arbeidet med ein ny kurs. Kanskje ville det vere bra om du var litt meir smålåten.