Det er jo svært trist at du ikkje følgjer med på politikken her i bygda! I ditt svar til Frank Kjøde blander du inn meg, og skriv: Svein Tore Sørgård vil at staten skal ta over utgiftene til helse og omsorg i kommunane, kor realistisk er det å love i eit lokalt val?

Det syner dessverre at du ikkje har følgt med på kommunepolitikken siste åtte åra, medan eg har vore medlem i kommunestyret. Mi personlege meining er at ein god helse og eldreomsorg skal ikkje gå på kvar einskild kommune sin økonomi. Fleire frå Ålesund og andre stadar har flytta til Aukra på sine eldre dagar fordi denne kommunen har veldig god økonomi og driv ein fantastisk eldreomsorg. Det burde ikkje vere kvar kommune sin økonomi som avgjorde kva omsorgstilbod dei eldre skal få. Dette har eg kjempa for i åtte år.

Det eg har foreslått i kommunestyret angåande den statleg støtta helse og eldreomsorg har absolutt med kommunevalet å gjere, det er kommunestyret som gjer vedtak om ein vil ta imot desse ekstra pengane øyremerka til helse og eldreomsorg.

Eg håper inderleg at det er berre du som har misforstått og ikkje alle innbyggarane i kommunen.

At du no etter åtte år har lest at eg ønsker statleg finansiering er jo i grunnen flott, for det hadde vore verre viss du aldri oppdaga det. At du klarer å vri det til noko negativt at vi skulle få 5 millionar kroner årleg til helse og eldreomsorg er ei gåte. Men, som ein som ikkje støttar Frp, kan eg skjønne at du må framstå slik.

Eg vil rette ei takk for at du innlemma meg i ditt svar til Frank Kjøde slik at eg fekk snakke litt meir om mitt hjartebarn, nemleg meir pengar til helse og eldreomsorg. Når posisjonen vel å fordyre helsetenestene ved å drive sjølv, så hadde det vore fint med litt støtte frå staten.

Hadde kommunestyret takk ja, så kunne vi hatt 5 million kroner årleg til helsesektoren i Sykkylven kommune. Alle som arbeider på BUAS og innan helse og omsorg gjer ein fantastisk jobb med enormt små rammer. Tenk hadde vi kunne gitt dei endå betre vilkår. Det er lokalpolitikk same kva du måtte meine av ulike synspunkt.

Eigentleg burde staten drifte skule og oppvekst også, for det blir like dumt at ein skule i ein kommune med dårleg kommuneøkonomi skal ha dårlegare vilkår og mindre til lærebøker enn ein kommune med god kommuneøkonomi.

Dette fordi vi er ein sårbar kommune pga. demografien, med mindre barn og unge og fleire eldre.

Det er nettopp for å styrke tenestene i eigen kommune at eg har kjempa for statleg finansiert av helse og eldreomsorg, og det er kommunestyret i Sykkylven kommune som avgjer om vi skal takke ja. Derfor er det absolutt på plass i eit lokalval. Du skriv at eg lovar dette, nei, eg ønsker dette.

Eg kan ikkje love noko på vegne av kommunestyret.

Svaret ditt til Frank Kjøde var prega av rikspolitikk og særs lite kommunepolitikk, så eg trur ikkje det er vits for Frank å svare eingong!