Svar til E. A. Nordang Nyss 16/2-23.

Uttalen om at svaret frå politikarane ikkje kan vere at den som «skrik høgast» skal skjermast, var svært provoserande.

Eg har stått i front for underskriftskampanjen i Geiranger mot vedtaket om nedlegging. Og er eit talerøyr for dei som " ikkje skrik " i det heile tatt. Dei sjuke, gamle og ungane. Å seie si meining er ein rett for alle i eit demokrati, sjølv om det kan vere ubehageleg for dei folkevalde. Å ha eit legetilbod i rimeleg nærleik er eit basistilbod som skal vere for alle i ei kommune. At det er knappe 3 mil frå Hellesylt til Stranda gjeld ein del. men ikkje dei som bur på Vollset, Røyrhus el Kjellstadli. heller ikkje frå Ørjasæter Oplendskedal i Geiranger. herifrå er det 9,4 mil tur/ retur til Gravaneset og 2 x2 ferjer. og eit legebesøk vil ta ca. 5 t. Er dette rimeleg? Korleis ville det vere om folk frå Stranda måtte reise til Geiranger for å ta ei bl.prøve el.vaksine?

Dette gjeld busetnaden i bygdene våre, det er ikkje ei partipolitisk sak, den gjeld alle, uansett parti når/om vi blir gamle, treng vi gode tenester og eit legetilbod nær oss.