I innlegg i Nyss kjem Arbeidarpartiet med påstandar om at posisjonen sitt budsjett skal kutte tre plassar på BUAS for å få økonomien i hamn. Dette er ikkje tilfelle. Det er synd at Arbeidarpartiet må ty til slike påstandar for på denne måten å fremje eigen politikk. Grunnen er nok at Ap finn svært lite å kunne ta posisjonen på av ting vi har fått gjennomført dei siste 3,5 åra. Posisjonen med H, KrF, V og Sp sitt vedtatt budsjett, inneheld ikkje slike nedskjeringar.

Vårt vedtak innebar at ein skulle ta ein full gjennomgang av organiseringa av kommunen, då det er heile 15 år sidan dette var gjort. Dette nettopp for å ikkje nytte «ostehøvelen», som alltid går ut over nettopp dei som yter tenestene til innbyggjarane. For det er behov for å finne ut om det kan vere smartare måtar å drive og organisere kommunen på. Parallelt med ein full gjennomgang av organisasjonen vert det fortløpande jobba med nødvendig omstilling i alle tenester. Til dømes styrkar ein tilbod om heimeteneste, rehabilitering og andre førebyggjande tiltak. Dette er nødvendig i alle kommunar for å kunne møte ei framtid med fleire eldre som framleis skal få gode tenester, inkludert institusjonsplass når dei har behov for dette.

Derfor stemmer det ikkje at det er stengt tre rom på BUAS, men det vil truleg vere periodar der ikkje alle rom er nytta. Dette vert vurdert ut frå om kor mange det er som treng plass på institusjon til ei kvar tid. Vi er heldige i Sykkylven kommune som har tilsette i helse- og omsorgstenestene som er framsynt og som legg til rette for eit breitt spekter av tilbod, også på eit meir førebyggjande nivå.

I kommunestyret hadde Ap og Frp forslag om å auke skatteanslaget med 4,5 millionar kroner, for på den måten ha meir pengar til rådvelde. I ei tid der det er tøft for næringslivet, fleire har mista jobben eller er permittert, meinte posisjonen dette var eit stort sjansespel der ein like godt kunne få ein svikt på 4,5 millionar!

Vårt opplegg er at ein heller tek fleire budsjettrevisjonar gjennom året, då der er svært mange usikre faktorar. Døme på dette er inflasjonen og om ein får kompensert for den. Kor mange flyktningar får vi. Kva vert skatteinngangen? Kva vert resultatet for 2022? Dette er pengar vi veit vi har eller får, og vi får ei mykje tryggare styring.

Det økonomiske opplegget Ap hadde med seg i «veska» til budsjettmøtet i formannskapet, hadde i seg auke i eigedomsskatten frå 3,2 til 4 promille, og ei utgreiing av eigedomsskatt på næring. Innbyggjarane kan vere glad at dei fekk så klare signal frå posisjonen at dette ikkje fekk fleirtal, at dei la det vekk.

I ei tid der dei fleste opplever auke i sine utgifter og næringslivet har det tøffare enn på lenge, er det viktig for posisjonen at ein ikkje aukar kostnadane til innbyggjarane og næringslivet.