Lystad har med eit fått klarsyn og sjølvinnsikt i politikk, historikk og strategi. Lystad har erkjent si offerrolle, men synest også det er noko sårt at hans historiske politiske medverking blir skriven om i valkampen.

Dette blir lite truverdig når hans klagemål er sjølvpåført av hans eige parti SP.

Lystad stemte merkeleg nok for å legge ned legekontoret sitt i si eiga heimbygd.

Likevel stemte Lystad sjølvsagt for at festspela i Geiranger skulle få 100 tusen kroner, Geirangerfjord verdsarv 250 tusen kroner og fellesanlegg Hyttehola Hellesylt 350 tusen kroner.

Vi treng derfor eit Sterkt Frp i Stranda, nettopp for at slike feilslåtte prioriteringar ikkje skal ramme innbyggarane i framtida.

Eg med Frp vil sjølvsagt ha nødvendig politisk samarbeid i komande kommunestyreperiode. Dette er for meg som ordførarkandidat heilt avgjerande, at etter eit valresultat skal partia og politikarane samle seg rundt folkeviljen.

Dette er eg overtydd om at vi klarer godt ilag, uavhengig av valkampen.