Eg skreiv tidlegare i sommar eit lesarinnlegg om busetting og bulyst i Utkant-Noreg, og i vår vesle kommune. Det hagla inn med skuldingar frå FrP, innlegget mitt blei kalla lite seriøst og svada. Ordførarkandidaten meinte det var vanskeleg å løfte stolen eg set i, og at eg har teke på meg offerrolla. Sjølvsagt har eg teke på meg offerrolla når innbyggarane som har stemt på meg, har mista blant anna legedagen, nokre få timar i veka, og at andre offentlege tilbod også står i fare for å forsvinne. Og sjølvsagt har eg teke på meg offerrolla når vi slit med fråflytting, og ikkje gjev særleg god reklame for å få nye innbyggarar. I praksis har FrP fortalt oss at no er det Stranda tettstad sin tur, og vi andre får segle vår eigen sjø.

Foto: Privat

I innlegg etter innlegg ser vi at representantane byggjer heile sin valkamp på å rakke ned på Senterpartiet. Det må vere slitsamt å heile tida skulle kritisere andre for å hevde seg sjølv. Mitt innlegg om bulyst blei til eit personangrep.

Eg veit utmerka godt kor alvorleg den økonomiske situasjonen i Stranda er. Og dette er ikkje noko som FrP kan snu med sin propaganda åleine. Her er det langsiktig planlegging, ny kommunedirektør, ny økonomisjef, og eit solid team som skal til. Saman med eit formannskap og kommunestyre som kan samarbeide og skape ro, vil vi få til dette. Uhygge, splid og skitkasting, som vi har blitt vitne til, gjer berre alt verre.

Ja, kva skal ein velje? Det håpar eg innbyggarane i heile Stranda kommune tenkjer seg godt om på. Det er lett å kritisere, og det er lett å gløyme. Eg legg ved ein graf som viser korleis det var for 12 år sida, når Senterpartiet tok over ordførarkontoret, og korleis det er i dag. Så kanskje det friskar opp minnet til innbyggarane om at det ikkje var så enkelt då heller, og at det på ingen måte er Stranda Senterparti som åleine er skuld i at vi har det stramt økonomisk.

Stem på det partiet de tenkjer vil heile kommunen sitt beste, inkludert Stranda tettstad, der tyngda i alle tenester skal ligge. La oss lage eit politisk Stranda-samfunn, der vi har politisk samarbeid, ikkje uhygge og splid. Stem på ein erfaren ordførar som kan samle og vere tydeleg. Det treng vi dei neste 4 åra. Og same kva, bruk stemmeretten din!