Viser til innlegget ditt/svar til meg og Sykkylven Høgre, i Nyss 16.08.23.

Du går relativt hardt ut, og det står du sjølvsagt fritt til å gjere, alle har rett til å meine det dei vil.

Her er mine kommentarar/svar til deg.

Du skriv m.a. ein del om skrytelista til Høgre som du kallar det.

Noko av det eg presiserte i mitt innlegg, var at dette hadde vi i fleirtalskonstellasjonen, beståande av SP, H, KrF og V fått til saman. Ikkje Høgre åleine, for det er slik vårt styresett fungerer, vi må samarbeide for å skaffe fleirtal, og då må ein også svelge nokre kamelar som vart gjort av fleire, knytt til m.a. skuletomta, bustader i Ullavik etc. som du refererer til eller gir Høgre skulda/æra/ansvaret for.

Alternativet til desse to konkrete tinga du nemner, var å ikkje gjere det, eller sagt med andre ord, stoppe utviklinga i mangel av gode alternativ. Eg tviler på at mange ynskte den løysinga.

Vi vil ha folk til bygda for å bygge og bu, få born, og drive næring i kommunen, og då må vi tillrettelegge for det m.a. ved å bygge ny skule, og godkjenne tomteområde der det er fornuftig å gjere.

Og det var grunnlaget for at vi i Høgre, og etter det eg hugsar eit svært stort fleirtal i kommunestyret gjorde.

Høgre, er ikkje eit landbruksfiendtleg parti som du spør om. Til liks med dei andre partia ynskjer sjølvsagt heller ikkje vi å bygge ned jordbruksareal på generell basis, men av og til må ein gjere det.

Ein del av det du skriv om i innlegget ditt, er vel av meir nasjonal karakter, så det kjem eg ikkje til å svare på, i og med at vi no i denne omgang snakkar om eit kommuneval.

Men når det gjeld kommunesamanslåing eine eller andre vegen, så oppfattar eg det no som ei ikkje sak i Sykkylven, og har vel vore det sidan vi avslutta forhandlingane med Stranda i 2020 meiner eg det var, der kommunestyra i begge kommunane var samde om ein innstensjonsavtale, så kom pandemien, og sidan det har det vore stilt. Ser elles at nokre politikarar frå Stranda skriv litt om dette.

Til slutt vil eg takke for at du er engasjert, det er viktig, og at du er ein av dei som driv landbruk, og held det i hevd, eg kjem frå gard sjølv, så det liker eg.

Eg respekterer sjølvsagt at vi ikkje er samde om alt, men det lever vi nok godt med både du og eg tenkjer eg.

Godt val når den tida kjem!