I Sykkylven vert det no invitert til ei markering i kyrkjekjellaren fredag denne veka.

Markeringa skal verte leia av dei ukrainske innbyggjarane i bygda, og bak invitasjonen står namna Olesia Trushyna, Oksana Fedorova, Bjørg Grebstad frå Sykkylven Sokneråd og Sykkylven opplæringssenter, i tillegg til Hanne Støylen frå flyktningtenesta i kommunen.

– Vi vil få presentasjon av Ukraina før og etter krigen, tale av ordførar Odd Jostein Drotninghaug og ukrainske tilflyttarar, skriv Støylen.

Ukrainsk song og musikk vil også prege markeringa, og kyrkjerommet oppe vil verte halde ope for dei som vil ha ei stille stund og eventuelt tenne eit lys, informerer ho om vidare. Alle skal vere hjarteleg velkomne.