Kort oppsummert

  • Vennegjengen til Frode Tandstad, som har fått ei aggressiv form for hjernekreft, har starta ein dugnad for å samle inn pengar til forsking.

  • Aksjonen «Aksjon Håp – dugnad mot hjernekreft» består av fleire arrangement, i første omgong ein konsert og «Afternoon tea».

  • Midlane dei får samla inn går direkte til eit hjernekreftforskingsprosjekt i Bergen som er leia av professoren Rolf Bjerkvik.

Samandraget er laga av KI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikra av våre journalistar.
Les meir om korleis vi forheld oss til kunstig intelligens.

Emte Aure og mannen Geir Hofset var på flyplassen på veg heim frå ein tur til Milano då det tikka inn ei melding frå veneparet May-Elin Vangen og Frode Tandstad. Frode hadde fått ulækjelege aggressiv hjernekreft.

– Det var eit sjokk. At det var Frode som skulle bli sjuk var heilt uventa, han som er den sprekaste og friskaste, med fysisk arbeid og som har levd eit sunt liv. Det råkar så vilkårleg, og kan skje kven som helst av oss. Det får ein til å tenke over livet, og kor skjørt det er, seier Emte, medan ho kjempar mot tårer som pressar på.

Forsking

Saman med mannen tok ho kontakt med andre vener som dei har felles med May-Elin og Frode, mellom anna medlemane i den lokale Roger Waters-klubben, der også Frode er ein uvurderleg medspelar.

– Vi er heldige som er ein stor venegjeng. Det vert jo slik at ein føler seg heilt hjelpelaus på sidelina, så vi slo saman hovuda for å kome på måtar å kunne vere til hjelp på, fortel Emte.

Medan venene leita etter noko handfast å bidra med, så dukka det opp ein reportasje på TV2-nyheitene. Frode og dei rundt han hadde forstått det slik at det hadde vore lite framgang i forskinga på akkurat hans sjukdom, men i reportasjen fekk dei høyre om eit spanande prosjekt. Professoren Rolf Bjerkvik i Bergen hadde forska på hjernekreft i snart 40 år, og han blei i 2021 leiar for ei ny, nasjonal storsatsing på hjernekreft, som er finansiert av Kreftforeningen sin innsamlingsaksjon. Ekspertgruppa hadde nyleg oppretta eit kvalitetsregister for hjerne- og ryggmergssvulstar. Dei jobba også for at fleire skal få ta del i kliniske studie og vil individualisere behandlingane meir.

Skape blest

Også Nils Einar Rye fortel at han og dei andre i Roger Waters-klubben blei heilt lamslått då dei fekk meldinga om tilstanden til Frode.

– Han er ein heilt spesiell fyr for oss, ein god ven. Vi har eit veldig godt fellesskap i klubben, med mange felles interesser. Vi kjende også sterkt på eit behov for å bidra med noko. Vi hadde ulike idear, og så enda det med det vi kan best; å skape blest, fortel han.

«Aksjon håp – dugnad mot hjernekreft» blei starta, der målet er å røyse pengar til forsking og elles skape blest om saka. Emte tok kontakt med dei som står bak forskingsprosjektet i Bergen.

– Eg fortalde at vi ville støtte arbeidet deira. Det var dei supertakksame for, og ho eg snakka meg bad meg helse alle. Dei føler at dei er nært ved eit gjennombrot og seier at alle monnar drar. Då må vi berre pushe på. Alt vi greier å få inn går direkte til prosjektet, fortel Emte.

Dugnad

– Vi er no ei samling på rundt 40 personar frå venegjengen, som har planar om fleire arrangement til inntekt for saka. Først ut er Afternoon tea i flotte omgjevnadar i Berlihuset 6. juli, der vi skal legge til rette for ei skikkeleg triveleg stund for dei som melder seg på, fortel Siv Rogne.

17. august er det klart for eit storarrangement, med Roger Waters-klubben i spissen. Dei har mykje erfaring når det gjeld å arrangere konsertar som trekk fulle hus, og har hatt fleire imponerande arrangement med fokus på lyd, lys og effektar.

– Vi har fått med oss hovudstammen i bandet vi har hatt med før, Skabelon. Vi tok kontakt med Kalvedans, som også er veldig gode, og det var ikkje nei å få frå dei heller. Og så har vi DJ Sunde frå eigne rekkjer. Forma på arrangementet vårt er ikkje heilt på plass enno, men oppskrifta er god musikk og gode musikarar, topp lyd og lys og fantastisk stemning. Vi køyrer ikkje Waters og Pink Floyd denne gongen, men meir variert musikk som treff alle. Det vert ein kveld med glede, men samtidig med ein alvorleg undertone, fortel medlemane i Roger Waters-klubben. Alle som bidreg til konserten stiller opp gratis slik at alt dei får inn kan gå rett til saka, og dei møter berre velvilje over alt. Arrangementet skjer i Sykkylven kulturhus.

Rørande

Dei ser ikkje vekk frå at det kan dukke opp fleire arrangement til inntekt for saka. Planen er at dei skal profilere seg i mange ulike kanalar, dei skal starte Vipps-aksjon og vil oppsøke institusjonar og bedrifter, i håp om at dei vil bidra på ulike måtar.

– Alle skal få høve til å bidra. Vi veit at mange kjenner Frode og har lyst til å vere med på dette. Å få i stand slike arrangement er også noko som Frode sjølv likar å halde på med, fortel Nils Einar.

– Det er rørande og heilt overveldande, eg felte nokre tårer då eg fekk høyre om planane. Og vi veit jo at det er kvalitet over alt dei gjer, så dette blir bra, seier May-Elin.

Også Frode sjølv er audmjuk og takksam for innsatsen som venene legg ned, og får ikkje takka dei nok.

– Det er veldig rørande at dei vil gjere dette for å hjelpe meg, og så tenker eg på kva det kan bety for dei som kjem etter meg og får sjukdomen. Eg er eigentleg ikkje typen til å stå fram i avisa og fortelje om situasjonen min, men når dei gjer alt dette for meg så må eg også vere med, avsluttar ein takksam Frode Tandstad.