Tidlegare i år tok Nyss imot innovasjonsmidlar, etter å ha søkt medietilsynet om støtte til eit filmprosjekt. Juryen hadde god tru på prosjektet, og tildelte 400.000 kroner til føremålet. Arbeidet er godt i gang, og fredag vert første del av serien Folkeferd å sjå på nyss.no.

– Konseptet er nære møte med menneska som bur i området vårt. Vi gler oss til å sjå nærare på kva slags folkeferd vi har i Stranda og Sykkylven, og så zoomer vi inn og håper å også få vise sjåarane sider av intervjuobjekta som dei ikkje viser kvar dag, seier Monica Aure Fallingen, ansvarleg redaktør i Nyss.

Ein prat i sola med tidlegare sokneprest i Ikornnes kyrkje, Erlend Lunde. Foto: Christine Fohlin Verneland

Humoristisk fyrverkeri

Heile redaksjonen i Nyss har vore svært engasjerte i arbeidet med Folkeferd-konseptet, og har i tillegg forsterka teamet med Tommy Rasmussen.

Under finn du to små «teaser’ar» for den komande episoden.

I første del av serien får ein møte Erlend Lunde, best kjend i området vårt som prest i Sykkylven gjennom 18 år og eit humoristisk fyrverkeri. I vår hadde han avskjedsgudsteneste i Ikornnes kyrkje. No er han i gang med nye utfordringar.

Vidare vil ein få møte fleire kjende og mindre kjende fjes frå Sykkylven og Stranda.

– Det har vore kjekt å prøve seg på nye utfordringar, og vi jobbar no vidare med nye Folkeferd-innslag som vil bli presentert i tida som kjem, avsluttar Monica Aure Fallingen.