Å slå saman to lokalaviser må vi innrømme kjendest som risikosport. Vi har to avdelingar, to kulturar skulle syast saman og vi skulle «over natta» fungere som ei eining. Sunnmøringen var eigd av Polaris, og hadde svært mange år med økonomisk underskot bak seg. Det var vanskeleg å skaffe tilsette og abonnentane blei færre. I tidlegare privateigde Sykkylvsbladet var økonomien stabil og abonnentane meir trufaste, men sidan ein ikkje hadde satsa på nettavis så vart ein ikkje særleg relevant som nyheitsmedium. Etter oppkjøp av Polaris var målet å slå saman dei to lokalavisene til NYe Sunnmøringen og Sykkylvsbladet, der ein beheldt det som var positivt, men samtidig fekk skapt noko heilt nytt. For dei tilsette i Sykkylven, som aldri hadde laga nettavis før, var det ei svært bratt lærekurve, med nye system for alt. Det vart ein heftig oppstart, men vi landa på beina! Vi lagar ei god avis som lesarane vil ha.

Kontoret i Sykkylven. Foto: Arkiv
Kontoret på Stranda. Foto: Arkiv

2023 har vore prega av tøffe tider på annonsesida, men heldigvis gode tider på brukarmarknadssida. Det gjer at vi har greidd oss godt økonomisk, med ein driftsmargin på om lag 16 prosent i 2023.

Fakta om Mediehuset Nyss

  • Samlet opplag: Ca. 4.100

  • Utgiversted: Sykkylven

  • Daglige lesere totalt:

  • Daglige lesere på nett:

  • Daglige lesere på mobil:

  • Papirutgave: Onsdag og fredag

  • Redaksjonelle årsverk: 6

  • Antall sider produsert: 3000

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonser: 75/25

  • Antall lederartikler: 91

  • Antall kommentarer: 0

  • Antall leserinnlegg på nett: 200

  • Antall refuserte leserinnlegg: 50

  • Antall gjestekommentarer: 46

  • Antall kronikker: 5

  • Ansvarlig redaktør: Monica Aure Fallingen

Redaktør og dagleg leiar, Monica Aure Fallingen. Foto: Arkivfoto

Mål og prioriteringer:

Vår viktigaste rolle er å spegle det som skjer i samfunnet vårt og i samfunnet elles, vere vaktbikkje og vi skal vere pålitelege. Vi er opptekne av å ha truverd og tillit blant innbyggjarane i kommunane våre, og blir oppsøkt med svært gode historiar.

Vi har greidd å få på plass ei ny avis på høgde med mange som er veletablerte i rekordfart. Avisa vår er god, med variert innhald. Vi tek til ei kvar tid opp lokale saker som er aktuelle, som til dømes ukultur i lokalpolitikken, tilbod som forsvinn «i det stille», urett som vert gjort. Og så har vi sjølvsagt også plass til bonden som kjem inn i redaksjonen med ein rekordstor høymole. Saker som er på nasjonal dagsorden tek vi også for oss, med lokal vinkling. Vi har mykje lokal debatt, faste skribentar i fredagsspalten Synspunkt (kreativt illustrert av Linda Nygard Sture) og faste intervju i Over kaffikoppen, Flaskeposten og helgasaka. Redaktøren skriv dagens kommentar til kvar papiravis. Fredagar deler vi lesarbilete på baksida under Nyss fanga, og same dag får ein tilbakeblikk frå arkivet eller andre kjelder. Før jul deler vi ut Nyss si juleglede til nokon som har utmerka seg.

I 2023 var prosjektet vårt Folkeferd prioritert. Det er ein portrettserie med videointervju. Midlar frå medietilsynet har gjort denne satsinga mogleg.

Vi hadde også eit storprosjekt, Vikarstafetten.

Avisens samfunnsrolle

Vikarstafetten ei viktig sak for lokalsamfunnet, der vi fekk belyst korleis legetenesta i Sykkylven nesten firedobla seg i pris på få år, samtidig som at den vart dårlegare, og få hadde fast fastlege. Vi har også fokusert på ulke tema, som til dømes depresjon og sjølvmord, i videoserien Folkeferd, der vi intervjua ein mann som hadde mista sonen sin i sjølvmord. Det var ei vanskeleg sak å jobbe med, og den krevde mange etiske vurderingar på vegen.

Prisar

Nyss har ikkje vunne prisar i 2023.

Journalistfaglig utvikling

Vi har deltatt på LLA-samling, alle har vore med på kompetansehevingsprogram for undersøkande journalistikk, det har vore kurs for tillitsvalde og leiarsamlingar.

Her er nokre foto frå 2023:

Vi har omtalt ein del sjukdomar, og kome tett på kjeldene. Foto: Rita Løseth
Pride-markering. Foto: Christine Fohlin Verneland
Sykkelsommar i Sykkylven. Foto: Christine Fohlin Verneland
Nabooppgjer mellom Stranda og Sykkylven. Foto: Rita Løseth
Ute på Geirangerfjorden. Foto: Randi Ansok
Ein skikkeleg gutebarnehage på Hellesylt, med mange mannlege tilsette. Foto: Randi Ansok
Rosa sløyfe-løpet i Sykkylven. Foto: Amanda Røed Stave
Innvandrarar i Stranda danna basketlag. Foto: Solveig Årdal
Nyss er der det skjer. Foto: Rita Løseth
Vi laga helgasak om Frank Willy Utgård i Vassendgutane. Foto: Amanda Røed Stave
Frp og Høgre tok makta i begge kommunane. Foto: Rita Løseth

Etikk

Vi vart meld til PFU ein gong, saman med Sunnmørsposten og NRK. Klagar var mor til ein lærar som hadde hatt eit forhold til sin 18 år gamle elev, og ho reagerte spesielt på bruken av ordet overgrep. NRK kom til minneleg ordning med klagar, medan det vart full handsaming for Nyss og Sunnmørsposten. Vi fekk medhald.

Kilder

Vi forsøker å vere bevisste rundt kildebruk og har god variasjon. Vi forsøker å dempe mann 60+ når vi har høve til å bruke andre kjelder i staden for og sakene kan verte minst like gode, gjerne betre.

Trafikken på nettsida vår er i jamn, sterk vekst, og dette er noko vi med god hjelp frå teamet i redaksjonell utvikling jobbar jamt med. Nyss har no ein andel digitalabonnentar på 50 prosent, og det har vore ein kraftig auke heilt sidan vi starta opp.

Spørsmål fra stiftelsen

Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

Å gjere rettferdige etiske vurderingar og vere etterretteleg.

Å skilje fakta og meining, og kommersielt innhald.

Å vere vaktbikkje, men samtidig sørgje for balanse i avisa.

De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

I Nyss er policyen at vi som jobbar i redaksjonell avdeling ikkje spisse og kontroversielle meiningar i sosiale medium. Vi tek heller ikkje på oss verv i lag og foreiningar utan avtale med overordna.

Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

KI opnar heilt nye dører, og vi anar ikkje omfanget av moglegheitene det skaper for oss. Likevel må vi hugse på at den viktigste måten å fortelje truverdig om verkelegheita er å vere til stades. KI kan ikkje nyttast ukritisk, ein må sørgje for at ein har journalistar som kvalitetssikrar både bilete og tekst som er henta fram ved hjelp av KI.

Nyss dekker smått og stort og møter menneska i området vårt der dei er.
Vi prøver å vere der det skjer. I sommar dekte vi Norway Cup, og fekk oppleve at eit lag vann finalen.
Vi har hatt fokus på meir og mindre skjulte sjukdomar og har kome tett på menneske.
Kvardagslivet i bygdene våre er viktig for oss, og å møte yngre kjelder.
I samband med valet fekk lesarane stille spørsmål til poltikarane. Denne gongen fekk rullestolbrukar Joakim Slyngstad stille spørsmål om universell utforming. vi tok med politikarane i sentrum og laga film til Nyss TV når dei prøvde å kome seg rundt.

Her er dei ti mest leste sakene i Nyss i 2023: